Oppslagstavle
Kit og Camila på Voss!
24. april 2025
På Vossajazz i palmehelga fekk eg joina slutten av ekkselante Kit Downes og Camila Nebbia sin konsert i Osasalen! Det var særs triveleg å treffa dei begge, og å få henga ved Vangsvatnet i finveret før toget vidare til Bergen og påskeferie.
Ballade.no om Duv!
16. april 2025
Torkjell Hovand i Ballade.no har lytta med store øyrer og skrive innsikts- og meiningsfullt om Duv! Det var veldig stas!
“Dei pustar i lag, desse tre musikarane, og plata blir som ein meditasjon gjennom dikta. Og eg opplever lyttinga meir som å blade i ei diktbok – i stilla.”
Dag og Tid om Duv!
11. april 2025
Lars Mossefinn skriv veldig fint og meiningsfullt om Duv i Dag og Tid i dag! Takk!
“ (…) ein produksjon som er heilt nedpå, men likevel emosjonelt svært sterk”.
Salt Peanuts skriv om Duv!
10. april 2025
Jan Granlie i Salt Peanuts skriv fint om Duv, og anbefaler å ikkje ha altfor mykje folk på besøk når du skal lytta. Det er kanskje sant, det!
“Men trenger du en stund for deg selv, med musikk med mening, som blir fremført på en fin måte, så er denne platen en stor anbefaling fra skrivestuen”.
Stine i Ballade!
8. april 2025
Ballade har intevjua Stine om komponistvirket hennar, og der snakkar ho mellom anna om verket Stakkars speil som skuler som vi har samarbeidd om. Ta gjerne ein kik her!
Anmelding Duv!
28. mars
Nettavisen har skrive fint om Duv! Det var triveleg!
“Når hun så har med seg Haltli og Aase, fargeleggere i superklassen, så har «Duv» blitt et kompromissløst og høyst personlig visittkort som forteller oss at Ingebjørg Loe Bjørnstad er og har ei stemme som virkelig bør lyttes til”.
Plateslepp!
21. mars 2025
Johoo! Plata er ute og tiilgjengeleg både i eteren og fysisk som vinyl! Eg er svært glad og stolt. Og veldig takknemleg for at Frode Haltli og Håkon Aase ville vera med og spela, og for at Øra Fonogram ville gje den ut. I kveld skal det feirast i ein aldri så liten skål!
Plata er i hus!
12. mars 2025
Aiai, det er skikkeleg gøy at plata har kome! Ho blir sleppt om ei veke. Om nokon vil kjøpa ho direkte frå meg sender eg gjerne! Berre gje ein lyd på epost.
Papp!
30. jan. 2025
Når LP-ane med DUV kjem frå trykk, vonleg i midten av februar, skal eg pakka dei inn i prima nyinnhenta emballasje og senda ut i aust og vest!
Workshop Griegakademiet
28. jan. 2025
Det var ei glede å få koma og ha workshop i vokalimprovisasjon med masterstudentane i musikkterapi på Griegakademiet! Bergen viste seg frå si beste side.
Turnebooking!
24. jan. 2025
Mai Elise og eg driv og orgar konsertar med Rinnjeplata som kom ut i fjor haust. Om vi er bookbare? Javisst!
DUV trykk!
20, jan. 2025
Testpressen til plata DUV er lytta til og godkjend, og den blir straks sendt til trykking! Fredrik Rysjedal har laga eit veeeldig fint omslag, og eg er så spent på å få vinylen i posten om vonleg ikkje så lenge! Det er Øra Fonogram som gir den ut, og Frode Haltli og Håkon Aase spelar heilt nyyyydeleg.
Audioglimt på Wrap!
22. nov. 2024
Eva Pfitzenmaier og eg spela til filmar på Wrap. Det var knallande gøy! Sjå filmane her. Det vart spela på mellom anna serveringsfat og lysestakar, fiolin og blokkføyte, badeleiker og kazoo. Om eg vil gjera meir av slikt? Jesserooney.