Om Ingebjørg

Ingebjørg (fødd 1978) har mastergrad i song frå Norges musikkhøgskole, avdeling for utøvande jazz og improvisasjon.

Ho jobbar med song, låtskriving, improvisasjon, komposisjon og scenekunst. I 2011 laga ho forestillinga ROT saman med dansar Marit Loe Bjørnstad. Ho skreiv musikk og tekst til plata HÆM som ho gav ut med Frode HaltliØra Fonogram i 2013. Frå 2007 til 2017 var Ingebjørg utøvar, komponist og produsent i ensemblet Små Grå, som frå 2015 til 2017 turnerte med forestillinga Kjemi etter urpremiere på Ultimafestivalen i 2015. I fleire prosjekt har ho samarbeidd med komponist Stine Sørlie, sist om solovokalverket Vokale penselstrøk som hadde urpremiere i desember 2017, og tidlegare om duoverket Shakuntala - Poetry of Stone. Ho er medlem i folkemusikktrioen Eplemøya songlag med songarane Liv Ulvik og Wenche Losnegård, og i improvisasjonstrioen Elt med saksofonist Tom Challenger og pianist Kit Downes.

Prosjekta hennar har motteke stønad frå mellom anna Kulturrådet, FFUK, FFLB, Musikkfondene og TONO til utgjevingar, komposisjon, tekstskriving og turnear.

Ingebjørg har undervist på Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, Toneheim folkehøgskole, musikklina ved Oslo By Steinerskole og Musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo. Ho har også gjeve fleire låtskrivekurs for barn og tekstskrivekurs for ungdom.

Våren 2019 underviser ho i song ved UiO/Musikkvitenskap og på Sangsenteret i Oslo.

Foto: Helen Petersen

Foto: Helen Petersen