Duv er ute!
Plata DUV vart sleppt på Øra Fonogram 21. mars 2025!
“Dei pustar i lag, desse tre musikarane, og plata blir som ein meditasjon gjennom dikta. Og eg opplever lyttinga meir som å blade i ei diktbok – i stilla.” (Ballade.no, 16.04.25)
Ingebjørg var i Øra studio i mars 2024 saman med Frode Haltli (trekkspel)og Håkon Aase(fiolin) og spela inn ny musikk og tekst som ho har laga. Ho har også fått låna 3 stk melodiar av Trygve Seim, Sondre Meisfjord og Håkon Thelin. Plata er til salgs på sjapper som til dømes Big Dipper og Platekompaniet, og er også sleppt digitalt. Det er i tillegg mogleg å kjøpa direkte av Ingebjørg.
Design: Fredrik Rysjedal
Foto: Karl Klaseie